21/09/2017
Det strøymer på med utstillarar til årets Setesdalsgildet 14.oktober. Ein av årets nye utstillarar, Huldrefellen, kjem langvegs frå.
"Eg lagar produkt som passar godt i tradisjonsrike hytter og heimar. Dette er skinn til benk, stol eller seng. Babypose, dette er ein skinnpose som, kan brukast heile livet, først i vogn, seinare kan den knappast opp og brukast i stol som fell. Lagar og, babyskinn m/vers på og babysko . Av vevde produkt har eg skilbragd åkle, løparar og puter, innslaga er med tynt ullgarn og lin"
Eg vaks opp på ein gard som ligg på ei øy yst ute i havgapet i Austrheim i Nordhordland . På garden dreiv me tradisjonelt landbruk med sau. Eg har alltid vore interessert i tradisjonshandverk og det ein kan hausta av naturen. I mange år arbeide eg som møbeltapetserar eit spanande og kjekt handverk, der eg fekk vera med å ta vare på gamle møblar. Gjennom arbeidet med møblar fekk eg interessa for tekstilar og skinn. I dag driv eg med vev og produkt i saueskinn.
Skinnfell er eit gamalt handverk som nesten var borte for nokon år sidan. Tidlegare var det skinnfellmakarar som reiste rundt på gardane. Dei garva og sydde skinnfell av saueskinna, som dei trykka mønster på . Desse blei mykje bruka som dyne. Ein annan variant er fellar som hadde vevd åkle, sydd på framsida.
Eg lagar produkt som passar godt i tradisjonsrike hytter og heimar. Dette er skinn til benk, stol eller seng. Babypose, dette er ein skinnpose som, kan brukast heile livet, først i vogn, seinare kan den knappast opp og brukast i stol som fell. Lagar og, babyskinn m/vers på og babysko . Av vevde produkt har eg skilbragd åkle, løparar og puter, innslaga er med tynt ullgarn og lin . Vever og puter og løparar i rein lin.
Kjøper mykje av skinna mine på garveri, men dersom nokon har eigne skinn syr eg gjerne fell av dei..............................................................................................................
I grew up on a farm which lies on an island out at sea in Austrheim near Bergen. On the farm we ran the traditional farming with sheep. I have always been interested in traditional crafts and what can be harvested from nature. For many years I worked as a furniture upholsterer, an exciting and fun craft, where I got to to take care of old furniture. By working with the furniture I got interested in textiles and leather. Today I'm working with weaving and products in sheepskin.
Fur is an old craft that was almost gone some years ago. Previously, it was fur craftsmen who traveled around the farms in the area. They tanned and sew furs made from sheep skins, which they printed patterns on. These were much used as a duvet. Another common variety had woven tapestry sewn on the front.
I create products that fit well in traditional cottages and homes. This is skins for benches, chairs or beds. Baby bags is a fur bag that can be used throughout life, first in the stroller, later it may be buttoned up and used in a chair as a fur. I make baby furs with printed verses and baby shoes. Of woven products I make tapestry, tablecloths and pillows, where the weft is thin wool and linen. I also make looms , pillows and tablecloths made in pure linen.
I buy much of my skins from tanneries, but if someone has their own skins sew I can make furs from them.