22/01/2025
Samtidig som ReTuren går inn i det nye året med store forventninger til det som kommer, er det med tungt hjerte vi ønsker Turi Lykke til videre! I løpet av de siste tre årene har ReTuren vokst til å bli noe å være stolt av, og denne veksten hadde ikke vært mulig uten henne. Her deler hun med egne ord sine erfaringer fra tiden i ReTuren:
Me var einige frå start om å tøye bærekraftsstrikken så langt det gjekk utan å ryke. Eg er så takksam for at me fekk jobbe fram eit så radikalt og kompromisslaust prosjekt med nullsvinn og sirkularitet som to av kjerneverdiane. Eg ser med glede at alle no snakkar varmt om den tredje kjerneverdien som det viktigaste: inspirasjon! Det er ikkje kvar enkelt reparasjon i seg sjølv, men det haldningsendrande arbeidet som ikkje kan tellast. Eg er så stolt av alt me har fått til saman og at ReTuren har kome for å bli, ikkje berre i Stavanger, men i fleire andre byar! Eg ser fram til å følgje med frå sidelinja og håpar og trur ReTuren vil vera ein viktig aktør i dei nødvendige endringane som no skjer i bransjen.
No skal eg sy med alle farger att, og la meg understreke at det er av eigen fri vilje. Eg er sjølvsagt trist, men eg er ikkje trist for å vera trist. Eg er redd, men eg er ikkje redd for å vera redd. Eg er meir spent og framleis modig, som har gått frå ein fast jobb i det eg er utdanna i, til prosjektstilling i ReTuren og no ut i det uvisse med å starte for meg sjølv.
Til slutt ein takk til alle de som følgjer med og er med på å endre verda i den retninga me veit at me må gå. Takk for meg!