Rabbagasten

Rabbagasten Rabbagasten har tøffe og behagelege bæreselar til små og store rabbagastar - i tillegg finn du flotte barnekle laga for å leike i.

Bæresele-prisar finn du i albumet her på sida; "oppdaterte prisar" og bæresele-typane eg tilbyr er meh dai og onbuhimo samt konvertering av sjal til ringslynge. Storleikane for bæreselane er:
Fersking (nyfødd)
Småtass (ca 3-4 mnd til ca 1,5 år)
Rakkar (ca 1,5 år til 3 år)
Mega-Rakkar (ca 2,5 år og oppover). For bestilling ta kontakt på melding her inne eller send ein e-post til [email protected]

Eg prøver å lappe kle så godt det går, men nokon gonger er det rett og slett ikkje meir stoff å sy i.. Då kan den slitne...
12/03/2026

Eg prøver å lappe kle så godt det går, men nokon gonger er det rett og slett ikkje meir stoff å sy i.. Då kan den slitne arve-gensaren til minstebroren vår få bli ei sommar-t-skjorte i staden, og dermed leve endå litt til! Hurra for å bruke ting skikkelig opp! -ish

Eg syslar forresten med tanken på å arrangere reparasjonskurs på verkstaden min på Gamleskulen på Sula/Eikrem til hausten. Gje meg eit vink om du kan tenke deg å delta! Meir informasjon kjem etter kvart..😊

Det er ikkje alle idéar som gjer seg like bra som dei såg ut oppi hovudet mitt.. Her hadde eg ein idé om å bruke denne s...
03/03/2026

Det er ikkje alle idéar som gjer seg like bra som dei såg ut oppi hovudet mitt.. Her hadde eg ein idé om å bruke denne superlekre duken eg har arva av svigermor til å sy eit kult skjørt med satengfôr. Vel.. Det blei framdeles heftige duk-vibber, så då havna prosjektet førebels på is. Me får sjå om eg klarar å ro det i havn som skjørt, eller om stoffet må få bli noko anna.

Men det eg derimot både fikk ferdig i dag, og blei nøgd med er denne skjønne puse-veska! Den og litt anna er til salgs på laurdag, når me held ope hus her på Gamleskulen klokka 12 - 16. 😊

Har du ingen planar neste laurdag mellom 12.00 og 16.00? Kom på besøk til meg på Gamleskulen, då vel! 🤩 Satsar på det bl...
28/02/2026

Har du ingen planar neste laurdag mellom 12.00 og 16.00? Kom på besøk til meg på Gamleskulen, då vel! 🤩 Satsar på det blir ein kjempekoselig dag med baklukeloppis, open kafé og opne verkstader på heile skulen!
https://www.facebook.com/share/1AmgotaC6H/

22/02/2026

Det har gått litt sakte hos Rabbagasten dei siste åra. Eg har sydd og pusla på innimellom, men livet susar liksom avgarde i hovudsporet.. No har eg imidlertid fått ei spanande mogelegheit til å flytte kreativiteten min inn på Gamleskulen ved Mausavatnet på Sula. Arbeidet her kjem framdeles kun til å bli ved sidan av fulltidsjobb og ungar og slikt, men eg gler meg sånn til å kunne komme hit til dette nydelige huset og denne utsikten når eg skal sy litt!

Kanskje kan det bli rom for meir etter kvart, men nett no skal eg bruke våren på å bu meg inn og sy opp litt som kan leggast ut for salg.

Håpar du vil følge med! 🥰

-kunst&handverk

Spesialbestilt stor veske med forskjellige rom, skinndetaljer og praktiske veskeføtter for å beskytte undersida.
22/02/2023

Spesialbestilt stor veske med forskjellige rom, skinndetaljer og praktiske veskeføtter for å beskytte undersida.

Etter nesten tre veker som vertskap for tidenes heftigaste forkjølelsesvirus var forma _endelig_ på plass til å sy igjen...
18/11/2022

Etter nesten tre veker som vertskap for tidenes heftigaste forkjølelsesvirus var forma _endelig_ på plass til å sy igjen i dag! Hurra!

Eit skjønt regnbogesjal er på veg til å bli doula-bag. 😊

Id: fleire bitar med regnbogestripa tekstil, samt eit stykke svart skinn ligg ved ei kvit symaskin. Diverse sy-utstyr i bakgrunnen.

Det er ikkje berre symaskina som er i sving her i huset! Ei god venninne ønska seg makrame-veggbilde til bursdagen i hel...
05/10/2022

Det er ikkje berre symaskina som er i sving her i huset! Ei god venninne ønska seg makrame-veggbilde til bursdagen i helga som var, og eg skjønner at desse knutane har blitt poppis å drive med! Ikkje perfekt, men SÅ moro!

Id: ein turkis rundstokk med makramefletting i offwhite på henger mot ein offwhite vegg.

Fredag = sy-dag, og i dag hadde eg tid til å ta unna litt reparasjonssaum som har hopa seg opp i heimen. Eg kjenner eg b...
23/09/2022

Fredag = sy-dag, og i dag hadde eg tid til å ta unna litt reparasjonssaum som har hopa seg opp i heimen. Eg kjenner eg blir så glad når (den stadig meir motebevisste) niåringen kjem med ei bukse med hôl og har lyst til at eg skal lappe den! Hurra for kle som får leve litt lenger! (Det er ikkje hôl bak alle hjertene, altså. Men den tidligare nevnte fashionistaen ønska seg mange hjerter, når det fyrst måtte begynne med eit på den utslitte buksebaken.. 😎😅)

Id: ei dongeribukse med mange påsydde hjerter i dongeri stoff. Buksa ligger på eit kvitt bord mot ei kvit symaskin.

Masse lekkert av eit nydeleg sjal med sikk-sakk-revar på! Ringslynge med box pleated skulder, crossover veske med innerl...
02/09/2022

Masse lekkert av eit nydeleg sjal med sikk-sakk-revar på! Ringslynge med box pleated skulder, crossover veske med innerlomme og detaljer i rosegull, liten pung til nøklar og bankkort og single loop cowl.

Id: bildeserie med forskjellige ting sydd av eit fuchsiarosa sjal med ecrufarga chevron-revemønster. Bileta er tatt mot forskjellige kvite bakgrunner.

Då er sommarferien over for denne gongen, og eg får starte hausten med besøk av eit vakkert, handvevd sjal som skal få n...
08/08/2022

Då er sommarferien over for denne gongen, og eg får starte hausten med besøk av eit vakkert, handvevd sjal som skal få nye endar.

Det er foreløpig god plass på symaskina i haust, så ta gjerne kontakt om du har noko du ønsker deg! 😊

Id: kvit symaskin med ein handvevd tekstil i svart, kvit og rosa. I bakgrunnen ei hylle med forskjellige sytrådspoler.

Eg har sommarferie frå bestillingar ut juli, men lurer på om eg kan klare å få til eit aldri så lite ego-prosjekt før må...
26/07/2022

Eg har sommarferie frå bestillingar ut juli, men lurer på om eg kan klare å få til eit aldri så lite ego-prosjekt før månaden er omme? Eg diggar dette sjalet, og tenker at det kunne blitt ei kjempekul selebukse! 🤩 Men då blir det anten med fuglane på snei (for å klippe stoffdelene mest mulig i eitt) eller med saumar på tvers, for å få fuglane rett veg.. Kva tenker de der ute?

Id: to bilder av ei kvit kvinne med mørkt hår og eit rosa stoff med fuglemønster framfor seg.

Eit nydeleg langsjal har blitt til kortsjal og ringslynge. Den bittevesle stoffbiten som blei til overs får leve vidare ...
07/06/2022

Eit nydeleg langsjal har blitt til kortsjal og ringslynge. Den bittevesle stoffbiten som blei til overs får leve vidare som biteleike, festa på eit hjerte i bøk.

Id: to bilder av sjal i forskjellige toner av lilla, lys rosa og beige. Gullfarga ringar på bildet av ringslynga, og ei hjerteforma biteleike i tre med sjalstoff knytta på oppå samanbretta sjal på andre bildet.

Adresse

Djupmyra 11
Ålesund
6013

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Rabbagasten legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Rabbagasten:

Del