Rand og rose tekstilverkstad

Rand og rose tekstilverkstad Tekstilverkstad med handvoven damask som spesialitet. Kontakt meg i så fall på privat melding her, eller e-post [email protected].

Produksjonen krev tid og konsentrasjon, og difor tek eg berre mot besøk på verkstaden etter førehandsavtale.

Treng du nytt trearma ljos til jol? Eg har eit lite antal trearma ljos i gåveemballasje til sals i år. Koseleg i heimen,...
27/11/2024

Treng du nytt trearma ljos til jol?

Eg har eit lite antal trearma ljos i gåveemballasje til sals i år. Koseleg i heimen, koseleg som gåve! Dei er dyppa for hand ved hjelp av mykje tid, tolmod og omtanke.

Eg kjem til å selje ljosa på jolemarknaden på Dalen 30. november. Der har eg også fersk gjærbakst, honningkaker og litt av kvart anna etande, som eg lagar i systerbedrifta Småbruket Moen.

Vil du sikre deg ljos, ta kontakt på førehand, så kan eg halde av. Men NB: Ljosa kan IKKJE sendast i posten. Og eg veit ikkje kor mykje kapasitet eg får til å tilby levering. Så det beste er å møte opp på marknaden den 30 november!

Bilete av emballasjen i kommentarfeltet!

🎄🎄🎄 SNART JOL, høyrer eg ...? 🎄🎄🎄Og eg er i tenkjeboksen ... No for tida driv eg jo mest med lokalmat gjennom Småbruket ...
04/11/2024

🎄🎄🎄 SNART JOL, høyrer eg ...? 🎄🎄🎄

Og eg er i tenkjeboksen ... No for tida driv eg jo mest med lokalmat gjennom Småbruket Moen, fordi det er dét som passar best inn i kvardagen min. Småskala matproduksjon er også ein slags handverksproduksjon. Men eg saknar å arbeide med andre materialar, andre fargar og konsistensar. Dessutan slit all handvaskinga på kjøkenet fælt på huda i den kalde årstida, så det hadde vore fint å veksle med litt tørt arbeid òg!

Så ... Kanskje skal eg lage nokre lavendelp**er og trearma ljos i år? Men tida er for stutt på alle måtar. Og den tida eg har må eg bruke godt. Difor må eg tenkje meg nøye om for å vete kva som er rett å prioritere. Og så vil eg gjerne høyre kva kundane tenkjer!

Dersom DU kan tenkast å vere interessert i lavendelp**er i handvoven damask og handdyppa trearma ljos i år vil eg gjerne høyre det (heilt uforpliktande), så veit eg litt meir om kvar det er rett å setje inn innsatsen i ei travel tid.

Håpar å høyre frå deg, anten i kommentarfeltet eller i innboksen!

God haust og førjolstid så lenge! 🍁🍂🎄🎄

01/05/2024

Denne toler me vel eit gjensyn/-høyr med i dag 1. mai!

Eg har lagt til lenkje til ein annan versjon av songen i kommentarfeltet. Der er teksten kanskje litt enklare å få med seg!

extrait du LP " Shuttle & Cage", Topic, 1957, 10T13. Guitare : Peggy Seeger

🙈 STILLE FØR STORMEN? 😱Det blei lydlaust litt for lenge i leikekroken, og då er det gjerne ravgalne ting i gjære ... Ja ...
24/04/2021

🙈 STILLE FØR STORMEN? 😱

Det blei lydlaust litt for lenge i leikekroken, og då er det gjerne ravgalne ting i gjære ... Ja ja, fullt så fælt som frykta var det no ikkje!

Det er stille her på sida om dagen òg, og det er fordi også EG har spennande ting på gang! Det skal eg fortelje om, berre eg får brikkene til å falle på plass og kabalen til å gå opp! 🌷

Framhald fylgjer ... 🌿

SNART JOL! 🎄❤️🎄Og eg har sju damaskvovne hjarta med teksten "GOD JOL", og ein liten ladning trearma ljos, som med fordel...
02/12/2020

SNART JOL! 🎄❤️🎄

Og eg har sju damaskvovne hjarta med teksten "GOD JOL", og ein liten ladning trearma ljos, som med fordel kunne fått nye heimar i år! Det er 159,- for hjarta og 179,- for ljos i gåveemballasje.

Med baby og husbyggjeprosjekt å sjonglere har eg diverre ikkje særleg høve til å levere ut og sende varer, så det hadde jo vore utruleg elegant om nokon i Vest-Telemark var interesserte. Då kunne me fått til ei overlevering i Åmot, på Dalen eller i Høydalsmo ein gong eg likevel er ute på handletur. Eventuelt i Lårdal.

Ta kontakt på pm eller i kommentarfeltet ved interesse, så kan me sjå kva me kan få til!

Uansett ynskjer eg alle fylgjarar ei fin adventstid og ei ualminneleg god jol når den tid kjem! 🎄❤️🎄

HELSING FRÅ PERMISJONEN 🧶🧵🧶Når junior og kaninen hans blir utolmodige ved bordet, og det ein finn innan ei armlengds avs...
19/10/2020

HELSING FRÅ PERMISJONEN 🧶🧵🧶

Når junior og kaninen hans blir utolmodige ved bordet, og det ein finn innan ei armlengds avstand er eit gamalt garnkart, eit par sneller perlegarn og ein dalahest ... så kan ein ha mykje moro med det!

Snellene blir byggjeklossar og garnet er fargerikt å sjå på og rart å ta på. Hesten trur det er høy og tek seg ein jafs ...

Jaudå, denne dagen går nok like fort som den førre!

Nyt hausten, folkens! 🍁🍂 Snart kjem vinteren!

MIN MEST VELLUKKA PRODUKSJON! 💙Det har vore stille her på sida ei god stund, og no tenkte eg det var på tide å dele årsa...
05/10/2020

MIN MEST VELLUKKA PRODUKSJON! 💙

Det har vore stille her på sida ei god stund, og no tenkte eg det var på tide å dele årsaka med dykk, kjære fylgjarar!

Det blei for trongt i vevstolen etter kvart, så me måtte flytte oss over i ammestolen! Og der blir me nok sitjande ei stund til. Men tekstilhandverket har eg med meg overalt. Det kan de stole på! Berre litt meir mobile variantar enn damaskveving ...!

Pr. i dag veit eg ikkje nøyaktig når eg kan få teke opp att skyttelen igjen, men eg skal melde frå her. Og det er sjølvsagt berre å sende meg ei melding her på sida eller på e-post [email protected] dersom de har spørsmål om varer eller tenester. Eg svarar så snart eg har ei hand ledig! Og så kjem det nok ei oppdatering i ny og ne.

Og ideane og planane har jo ikkje teke permisjon, sjølv om eg har det. Eg trur det kjem til å bli fødd mange nyskapingar i kjølvatnet av denne! 💙 Håpar de vil fylgje meg vidare!

EIN PUTEPROSESS!Ein fylgjar såg ei p**e her på Facebook-sida som ho lika, men lura på om det gjekk an å skifte ut ein el...
07/06/2020

EIN PUTEPROSESS!

Ein fylgjar såg ei p**e her på Facebook-sida som ho lika, men lura på om det gjekk an å skifte ut ein eller fleire fargar. Dessutan ville ho gjerne ha spælsaugarn i staden for mohairgarn. Kunne eg få til det? Tja! Det burde gå an!

Etter litt prøving og feiling og sending av bilete på e-post, landa me på ein kombinasjon ho trur ho vil trivast med. Denne gongen blei det limegrøn botn med striper i oransje og sjokkrosa. Då var det berre å veve p**a ferdig, montere og sende!

Før sending eller overlevering tek eg alltid bilete av ferdig p**e for å ha i kartoteket til seinare. Mange kundar likar å sjå foto av andre døme før dei bestemmer seg for kva akkurat dei vil ha. Og eg kan ikkje ha ferdige p**er av alle slag liggjande. Eg lagar òg ein liten lapp med prøve av garnet eg har bruka, for å ha som referanse og idégrunnlag. Bilete kan trass alt lyge på fargane!

Som regel blir jo bilete best i dagsljos ute, men når det høljar ned og ein skal rekkje Posten … må det bli p**efotografering midt i verkstadkaoset!

Då er det berre å takke for fylgjet og ynskje god tur vidare vestover, kjære p**e!

EIT RUTETE PUTEPAR!Desse p**ene i mønsteret RUTE høyrer i hop og skal pynte opp same sofa, nærare bestemt gjestesofaen p...
04/06/2020

EIT RUTETE PUTEPAR!

Desse p**ene i mønsteret RUTE høyrer i hop og skal pynte opp same sofa, nærare bestemt gjestesofaen på Norges husflidslag sitt kontor i Oslo! Der trur eg dei vil trivast godt, omgjevne av folk som verdset handverk, fargar og form og ikkje minst norsk spælsau-ull!

Som de ser har dei motsette fargar. Det limegrøne spælullgarnet i den eine p**a blir teke opp av to gulgrøne nyansar i linstripene i den andre. Likeins dukkar fargen til det blå spælullgarnet i den andre p**a opp att i linstripene i den limegrøne.

Putene blei vovne i vår, medan laukblomar i mange blånyansar blømde på botn av gulgrønt gras utanfor verkstaden, og sola sende gule strålar over knallblå himlar. Då var det fint å sitje i veven og kjenne seg litt i takt med årstida, naturen og dei store samanhengane!

Både fargane og motsats-verknaden var bestillaren sin idé, og eg synest ideen var veldig god, og ikkje minst artig å arbeide med! Eg takkar Norges husflidslag så mykje for det gjæve oppdraget – og for utfordringa!

Så tenkjer eg: Slike p**epar har eg lyst til å lage fleire av! Her er moglegheitene uendelege! Og – dette kunne jo vore ein fin bryllaupspresang, anten til nygifte eller til jubilerande ektepar! Då kunne paret eventuelt fått eit gåvekort, og bestemt kvar sine fargar.

Litt symbolsk er det jo òg, ettersom det er fargane frå den eine … som lyser opp den andre og gjer denne harmonisk og komplett! Åååååh! 💏

RULL FULL MED RENDER, ROSER OG RUTER! 🌨 🌹 🌨I dag snør det ute, og eg fyrar i omnen her på Rand og rose tekstilverkstad. ...
14/05/2020

RULL FULL MED RENDER, ROSER OG RUTER! 🌨 🌹 🌨

I dag snør det ute, og eg fyrar i omnen her på Rand og rose tekstilverkstad. Kor blei det av skjøne, milde mai?

Men eg har ein rull handvoven damask, rykande fersk frå veven, og er difor like blid! Inni denne rullen er det fleire RUTE-p**er og mange små lavendelp**er. I tillegg er det utprøvingar til eit heilt nytt produkt!

Eg likar slike rullar! Det er så moro å sjå på endane, der alle fargane eg har bruka i veven gløttar fram som striper og utstikkande trådar. Trådane må eg klyppe av, elles kan dei hengje seg fast eller lage stygge avtrykk når eg seinare skal køyre linstoffet 7 x 3 rundar i klesrulla. Dessutan må eg kaste over stoffendane, fjerne all laus lo og gjennomdynke stoffet med vatn. Deretter blir det altså tørking, rulling eller damping, klypping, montering, pressing og fylling.

Så det er mange arbeidsoperasjonar og timar att før denne rullen blir til noko brukbart og salbart. Men slik er det i tradisjonshandverket: Inkje gjer seg sjølv, og inkje er fort gjort! Og utan meg, mine hender og mi tid … blir det ingenting av noko!

Men du treng ikkje sjå så bekymra og pjusk ut, vesle, fulle rull! Sjølv om livet ditt som rull snart er over, og du både skal stussast, ristast, druknast, manglast, kuttast i småbitar og stikkast med nåler … blir det bra til slutt! Du endar opp som noko større enn deg sjølv, får reise land og strand rundt, og får ikkje berre éin ny, god heim, men … mange! 🤩

Ja, dét er saktens noko å bli glad av, på ein bikkjekald dag i mai! ❄️🌷❄️

Adresse

Dalen I

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Rand og rose tekstilverkstad legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Rand og rose tekstilverkstad:

Del