04/05/2026
Vi gleder oss til vårfest på Torsdag🌸 Sjekk ut eventet for meir info✨ https://www.facebook.com/share/1DcuETP4Zz/?mibextid=wwXIfr
–KOM PÅ VÅRFESTEN VÅR 🤩👍🌷
–Det er første gang vi lagar ein eigen vårfest. Vi gjer det for å vise fram mykje av det flotte vi har fått inn i butikkane no i vår, seier Ingeborg Kringlen ved Vero Moda og Jack & Jones-butikkane på Alti Førde.
Førstkomande torsdag 7. mai mellom 19.00 og 21.00 vil det bli vårfest, moteshow og konkurransar ved dei to butikkane Vero Moda og Jack & Jones i 1. etasje på nordbygget på Alti. Då vil det bli pynta til fest, det vil bli servert lett mat og alkoholfri drikke. Og det vil ikkje minst vere ei mengd knallgode tilbod i butikkane til kundane.
Mykje nytt 👍👍👍
–Vi har lyst til å friske opp litt i kvardagen fram mot 17. mai, og vil gjerne vise fram mykje av det vi har i butikkane. Det vil vere 25 prosent tilbod på alle varene i butikkane når du handlar fleire enn to varer, og vi freistar også med knallflotte goodiebagar, seier butikksjefen og viser til at dei deler ut 12 goodiebagar til dei 12 første kundane som handlar for meir enn 300 kroner på Jack & Jones.
Konkurransar 👏👏👏
–Dessutan blir det heile 25 flotte bagar til dei første 25 kundane som handlar for meir enn 300 kroner på Vero Moda. Og vi kjem også til å ha ein knallfin konkurranse for alle som handlar. Då skriv du berre namnet ditt på kvitteringa, og så trekker vi ut flotte premiar. På Jack & Jones vil det vere snakk om ei dresspakke til ein verdi på 3000 kroner, medan du som vinn på Vero Modo kan plukke ut ein valfri kjole. Dessutan stiller Mestergull med ein smykkepremie i denne konkurransen, fortel Ingeborg Kringlen om vårfesten som startar klokka 19.00 på torsdag kveld.
Masse flott 😀😀😀
–Vi håpar på at det blir hektisk, og at mange tek turen. Vi prøvar å skape litt liv på senteret, og mange av dei andre butikkane vil også bidra på sin måte. Blir dette ein suksess, så er det sjølvsagt noko vi har lyst til å halde fram med, fortel butikksjefen og viser til at det blir modellar av begge kjønn under moteshowet.
–Kom på vårfesten og moteshowet. Kanskje du vil finne noko som kan fornye garderoben din til festdagane i mai, seier butikktrioen.
På bildet ser vi frå venstre Ida Marie Lindelid, Ingeborg Kringlen og Charlotte Lekva.
Tekst og foto: Stig Roger Eide