23/03/2026
HEILE LIVET BAK DISKEN 👏👍🥰
Ho har kledd opp dei fleste som har vakse opp i området, og nærmar seg no 40 år bak disken på kjende butikkar som Chicago, Vero Moda, Mozart og Kaffe. - Eg elskar møtet med kundane, seier ho.
Torill Johanne Øen er truleg eit kjent ansikt for dei fleste i Sogn og Fjordane. Heilt sidan ho starta som ekstrahjelp på blomsterbutikk som 13-åring tidleg på 1980-talet, har butikkbransjen i Førde vore hennar tilhaldsstad.
- Ja, eg berre elskar dette arbeidet. Etter fullført vidaregåande skule med salsfag og språk som val, vart det til at eg byrja i klesbutikk. Då var det gjort. Sidan har dette vore meg, ler butikksjefen hjarteleg og kan fortelje ei historie frå servicebransjen det er få forunt å oppleve.
Møte med kundar 🥰🥰🥰
- Etter ekstrahjelparbeid i blomsterbutikk, parfymeri og kafeen «Grillen», vart det til at eg jobba eitt år på Chicago i Sentrum Sør. Så opna eg opp Vero Moda på Handelshuset i 1989. Etter det har det gått slag i slag i butikkane Mozart og Kaffe. Kaffe Clothing vart etablert i 2017, så no har eg snart vore her i ti år. Jøss, så tida har gått, smiler tobarnsmora medan senterkontoret sin skribent slår av ein prat i ein pause.
- Eg berre elskar møtet med kundar. Ikkje minst alle dei faste kundane som eg har fått oppleve i alle desse åra. Det er faktisk slik at når eg reiser på innkjøpsmesser og slikt, så får eg enkelte kundar i tankane mine. Då kan eg sende ei melding og seie at no må dei komme i butikken for å sjå på noko som garantert vil passe dei, ler ho.
Ærleg arbeid 👍👍👍
Når det gjeld opparbeiding av si faste kundegruppe, understrekar Torill på same tid verdien av ærleg arbeid i bransjen.
- Eg har alltid vore oppteken av å vere ærleg overfor kundane, og vil hjelpe dei til å finne klær dei fortener. Eg er privilegert som får lov til å jobbe med noko som betyr så mykje for mange. Ikkje noko kan glede meg meir enn å få høyre at kundane er godt nøgde i etterkant, seier den erfarne butikksjefen. Faktisk har ho i dag ei fartstid på 38 år som butikksjef og innkjøpsansvarleg i dei jobbane ho har hatt.
Hentar energi 👏👏👏
Samstundes vedgår Torill at alle kundemøta ho har dagleg, gjer at ho må vere påpasseleg med å fylle på eigen energi.
- Eg trener ein del, og får overskot gjennom det. Trening og musikk er nokre av mine verdifulle friminutt. Då hentar eg energi og overskot, smiler butikksjefen på Kaffe og gleder seg til åra som kjem i butikken.
- Dette har på mange måtar vore livet mitt. Så lenge eg har noko å gje til kundane mine, vil eg halde fram. Eg er så takknemleg for at eg får lov til å halde på med noko så kjekt, avsluttar Torill Johanne Øen og stikk inn igjen til kundane.
Senterkontoret ser fram til mange år framover med Torill i bransjen. 38 år er jo berre ein start! 🥰
Tekst: Stig Roger Eide