17/05/2026
Gratulerer med dagen 🇳🇴
Ynskjer alle ein strålande 17.mai 🇳🇴
Denne staute karen har fått ny Sunnfjordbunad 🍀
Og denne bunaden har ingen andre endå, dette er nemleg stuttrøyeklea frå 1830-t som eg har rekonstruert i lag med dei andre i bunadsnemnda i Sunnfjord.
Bunaden har fått namnet etter trøya som naturleg nok vart kalla det då den var i bruk/ er referert til i skriftlege kjelder.
Trøya er i blå vadmel, kanta med mørkebrun fløyel. Den har eit fantastisk snitt og flotte messingknappar rekonstruert hos .
Skjorta er av lin og utan broderi.
Nesskogvesten er i raud vadmel kanta med svart ullklede. Løveknappane er i messing, kopiert av .
Den stilige buksa er smal, lang og svært høg i livet slik folkedrakta var på 1830-t. Her fant vi ikkje ei spesifikk bukse men har rekonstruert den etter modell av fleire bukser som var i bruk på 1830-t. Bukseknappane er rekonstruert av , likeeins draktmetallet: skjortering og halsknappen.
Alle draktdelane er pryda med stikningar og sjølvsagt er alt sydd for hand slik orginalane var.
Er dette ein bunad du ynskjer deg?