Sykurs i Sogndal

Sykurs i Sogndal Sykurs for nybyrjarar i Sogndal

15/03/2023

Det er ei tid for alt, og akkurat no kjenner eg på at tida for å halde sykurs ikkje lenger er her.

Det å nå ut til folk er blitt meir og meir krevjande, og når dette er noko eg driv med på hobbybasis så har eg ikkje overskot til å vera så aktiv på sosiale medier som dagens algoritmar krev for å vera synleg.

Saum kjem alltid til å vera ein veldig viktig hobby for meg, og eg syr framleis mykje. Det håpar eg at du også kjem til å halde fram med! Kanskje eg også kjem til å ta opp att sykursa etter kvart - kven veit? Men om du har lyst til å vera litt sosial medan du syr, bli gjerne med på sykveldar på Sogndal Bibliotek annakvar onsdag kl. 18-22 framover, så sjåast me der.

No kjem eg til å satse meir på landskapsarkitektur og hageplanlegging, samstundes som eg også jobbar deltid med å vera kreativ med blomar hjå Mester Grønn 🌸

Om det ikkje vert for vanskeleg, vil denne Facebooksida bli gjort om til ei side for firmaet mitt LAGA, og då hovudsakleg med innhald frå hagedesign og landskap. Du står sjølvsagt fritt til å slutte å følgja denne sida om det ikkje interesserer deg 🌿

Ynskjer alle ein fin vår, både i hagen og framfor symaskina 🙂

Då er planen for sykurs etter jul lagt! Om det er noko som verkar interessant er det berre å melde seg på så fort som mo...
09/12/2022

Då er planen for sykurs etter jul lagt! Om det er noko som verkar interessant er det berre å melde seg på så fort som mogleg. Sykursa har blitt meir og meir populære og folk kjem ifrå fjern og nær 💚 Kanskje du også ynskjer å gi sykurs i julegåve til nokon? Ta i tilfelle kontakt så ordnar me det ✨

Eg har att nokon av desse flotte p**ene eg sydde i fjor, så om du manglar ei julegåve eller ynskjer å kjøpe deg ei fin j...
05/12/2022

Eg har att nokon av desse flotte p**ene eg sydde i fjor, så om du manglar ei julegåve eller ynskjer å kjøpe deg ei fin julegåve til deg sjølv så har du no moglegheit til å kjøpe desse p**ene til ein super pris ✨

Alle p**ene måler 50x50cm og er i velour. Dei har ein usynleg glidelås slik at trekket er avtagbart.

Putene kostar opprinneleg 1100kr, men du får dei no til 700kr + evt. frakt ✨

Send meg ei melding om kva p**e du ynskjer deg ✨

No er sykursa før jul lagt ut på nettsida ✨   Beklagar litt kort frist på første kurs, som går av stabelen allereie laur...
08/10/2022

No er sykursa før jul lagt ut på nettsida ✨

Beklagar litt kort frist på første kurs, som går av stabelen allereie laurdag om ei veke! Dette er eit kurs for deg som er heilt ny med symaskina. Så følgjer eit kurs med fokus på symønster og ulike stoff to veker etterpå.

Desse to kursa var tidlegare eitt kurs, men for å få litt meir tid til å faktisk sy litt på kursa har eg delt dei i to. Så kan du kun bli med på eitt eller begge.

I tillegg blir det eit pleddkåpekurs heilt i starten av desember.

Les meir om kursa og meld deg på via nettsida www.lagahandverk.no

Velkomne på kurs!

Hei alle syglade i Sogndalsområdet! Eg vil snart legge ut nye sykurs i Sogndal, men eg kom over dette innlegget i gruppa...
17/09/2022

Hei alle syglade i Sogndalsområdet!
Eg vil snart legge ut nye sykurs i Sogndal, men eg kom over dette innlegget i gruppa ’Vi Sygale’ på Facebook og tenkte det kunne vera interessant for nokon av dykk ☺️

Gratis online samsaum av anorakk og rabattkode på stoff til denne hjå Stoffdronning.

For å bli med på samsaum må de bli med i gruppa ‘Ninas syrom - inspirasjonsgruppe’.

Første video blir lagt ut allereie i morgon ☺️

Eg har sydd  sin   som eit alternativ til bunadsskjorta mi 🌿 Nokon er ikkje så glade i “tukling” med bunaden. Eg er ikkj...
01/05/2022

Eg har sydd sin som eit alternativ til bunadsskjorta mi 🌿 Nokon er ikkje så glade i “tukling” med bunaden. Eg er ikkje så glad i å ha bunaden som mamma (+ tante) har sydd til meg hengande i skåpet fordi eg ikkje føler meg heilt vel i han. Så det er mogleg det blir fleire endringar på bunaden framover - kanskje eit nytt forkle? God 1. mai 🇳🇴

Adresse

Sogndalsfjøra

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sykurs i Sogndal legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Sykurs i Sogndal:

Del