14/06/2026
To spennande plagg som har tilhøyrd Ragnhild Sofie Johannesdtr. Øvra-Haukafær (1867–1897), eller evt. mor hennar, Sisilia Larsdotter Aase (1835–1909). Sjølv om dei to plagga kjem frå same familie og i prinsippet kunne vore brukt saman, verkar overlivet å vera noko mindre i storleiken enn klutatrøya.
Klutatrøya er sydd i rosa-raudt bomullsstoff med trykt mønster. Trøya har smal rygg, 7 cm breidde bak. Halslist og mansjettar er kanta med to lag hekla kvite og grøne blonder. Knapphol i kvar ende av kragen, truleg til å festa ei sølje i halsen. Ermetoppen er rynka og ermet er lagt i legg mot mansjetten, splitt i saumen. Innsnitt på kvar side framme. Trøya er maskinsydd med blå og mørk sytråd. Heilfôra med bomullslerret og lukka med knappar.
Det grøne overlivet har same snitt i ryggen og er truleg på alder med klutatrøya. Fint utført både med maskin og for hand. Kanta med svarte fløyelsband med rosemønster, og kvite perlelisser på innsida. Overlivet er fôra med kypertvove, beige bomullsstoff og lukka med hekter/maljer, i tillegg til tre par ringar. Meir info og mål på tysnesdrakter.blogspot.com.