Me starta opp med den enkle idéen å gjera arbeidsklede for kvinner i landbruket så funksjonelle, tidsriktige og tilpassa som mogleg. Med inspirasjon frå sportsbransjen har me laga slitesterke og gode klede som me meiner tek arbeidskvinner på alvor! Ingen land i verda har større andel kvinnelege arbeidarar på gardar, oljeplattformar, fiskebåtar, verkstadar og fabrikkar som Noreg. Dette er me i Flor
veldig stolte av. Gjennom våre kolleksjonar hyller me arbeidskvinna, og sikrar at ho kan føla seg vel på jobb, anten ho befinn seg midt i lembinga, i gulerotåkeren, eller med ein hammar i handa. Våre kle er utvikla og designa på Voss, med innspel frå bønder. Som bonde må du beherska ein heil del ”yrker” – du er gartnar, snikkar, jordmor, anleggsarbeidar og rekneskapsførar, og det kanskje i løpet av same dagen! Og er du ikkje bonde? Arbeidskleda våre kan brukast av alle som vil! Dei høver godt til kvinner i aktive yrker, og passar i tillegg ypparleg også til fritidsbruk. Flor – arbeidsklede som gjer kvinner stoltare av yrket sitt!